Blog Image

Hus på Riksheim

* * * * * * * * * * * * * * * *

Vi har bygt hus på Riksheim, og her har vi lagt ut bilder frå diverse hus prosjekter...

Juli – 2009

Framdrift Posted on Fri, July 03, 2009 15:08:15

Bilder frå juli.

Her er bilde frå andre sida av fjorden:

Litt inn zoomet, for dei som ikkje veit kvar huset er… Bak det kvite huset til farfar, og nedanfor foreldra mine sitt hus byggjer vi vårt hus. Det synes faktisk ikkje så godt hverken frå veien eller andre sida av fjorden.I går kom pipehatten på, ventilasjonen vart montert, det vart lista i trappa og porten i altanen vart nesten ferdgi, dei gjekk over og tetta litt med sicaflex og litt forskjellig, og dørene er montert i hovedetasjen. Parketten på stua la Tore, pappa og mamma i forgårs. Det meste må bli ferdig i dag (3.juli) sidan snekkarane skal ha ferie frå laurdag av….!?!

I går fant eg endeleg dørhåndtak som eg likte, matt krom, til dørene både inne og ute – Habo dørvrider Copenhagen:



Bad

Framdrift Posted on Fri, July 03, 2009 09:00:56

Her er baderoms innredningane våre frå www.kvik.no

Hovedbad:

Dobbel vask Magic Stone med Mano kvit innredning, kranene skal vere Hans Grohe Talis S (ikkje dei som er avbilda). Speil med belysning som på gjestetoalettet. I tillegg skal vi ha 4 høgskap. Flisene er lagt, så no er det straks klart for montering…

Gjeste toalett i hovedetasjen:

Høgglans raud/burgunder innredning med granit vask, medium høgskap ved siden av akkurat som utstillinga, vi skal ha Talis S kran (ikkje den som er avbilda) og samme speil med belysning. Mot grå flis veggar blir dette bra, vart kjempeflott med flis i 45 graders vinkel på både golv og den veggen vasken skal vere på!! Toalettet til gjeste doen får vi ikkje før ferien, men vi kan jo gå inn og nyte synet likevel. 😉